Haugstøyl er utdanna frå Politihøgskolen, og har lang og omfattande leiarerfaring frå PST. Han kjem frå ei stilling i Advansia AS.

- Eg gleder meg til å kome til NSM. Hovedoppgåva til tenesta er å gjere Noreg i stand til å beskytte seg mot dei alvorlegaste truslane mot landet vårt. Det er ein sikkerheitspolitisk krevjande tid. Eg ser fram til å leie dette arbeidet i NSM, seier Haugstøyl.

Les meir: Offisielt frå statsråd 24. mai 2024 (regjeringen.no)

I ei pressemelding seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl at Regjeringa er særs nøgd med at Haugstøyl tek på seg det viktige samfunnsoppdraget med å leie NSM dei neste åra.

Sjå pressemelding: Ny direktør i NSM

Haugstøyl er utnemnd for ein periode på seks år, og tiltrer stillinga 2. juli. Han etterfølgjer Lars Christian Aamodt som vart utnemnd til interimdirektør for NSM for seks månadar frå 2. januar 2024.

Om Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)

NSM er direktoratet for nasjonal førebyggjande tryggleik i Noreg. Hovudoppgåva til tenesta er å betre den evna Noreg har til å verne seg mot spionasje, sabotasje, terror og samansette truslar. Gjennom rådgiving, kontrollaktivitetar, tilsyn, testing og forsking bidreg NSM til at verksemder sikrar sivil og militær informasjon, system, objekt og infrastruktur som påverkar nasjonal tryggleik. NSM er ansvarleg for eit nasjonalt varslingssystem (VDI) som skal avdekkje og varsle om cyberoperasjonar mot digital infrastruktur. NSM har i tillegg eit nasjonalt ansvar for å koordinere handteringa av alvorlege cyberoperasjonar.