Foredrag frå NSM
Det er mogeleg å bestille foredrag frå NSM. Fleire tilsette er tilgjengelege for å dele vår fagkunnskap.
Send e-post til [email protected] for å bestille foredrag. Foredraga er gratis, men arrangør må dekke eventuell reise og opphald.
To NSM-tilsette er svært ettertrakta foredragshaldarar. Fagdirektør Roar Thon og seniorrådgjevar Jørgen Dyrhaug formidlar sikkerheit på ein forståeleg måte til offentlege og private verksemder, avgjerdstakarar, leiarar, tilsette og folk flest. Dei er også faste programleiarar i den populære NSM-podkasten om sikkerheit.
NSM tilbyr ei rekke kurs via NSMs kurssenter. Kursa er gode eksempel på dei fagområda NSM har særs god kompetanse til å halde foredrag om.
Om Roar Thon og Jørgen Dyrhaug
Roar Thon har arbeidd i NSM sidan 2003. Han har bakgrunn frå Forsvaret og politiet. Han er en særs etterspurt foredragshaldar med over 2000 foredrag for NSM.
Jørgen Dyrhaug arbeidde 14 år med sikkerheit i Forsvarsdepartementet innan han starta i NSM i 2013. Han er utdanna sivilingeniør frå NTH og har også erfaring frå privat sektor.