Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) har delfinansiert arbeidet med boka saman med Forsvarsdepartementet. Forfattaren har teke ein doktorgrad på emnet og har sete i NSMs lokalar.

Den innerste sirkel er historia om den militære tryggleikstenesta frå krigen og fram til 2002. Tenesta, som før 2003 heitte Forsvarets Overkommando/Sikkerhetsstaben  (FO/S), hadde som hovudoppgåve å vakte over tryggleiken til riket og statlege løyndomar. Ulike tryggleikstiltak skulle hindre spionane i andre land og eigne utru tenarar å lukkast. I dag vert FO/S sine oppgåver utført av Nasjonalt tryggingsorgan og Tryggleiksavdelinga i forsvaret.

Boka vart lansert 17. august 2016.