Tryggingskonferansen 2020 skulle funne stad i slutten av mars, men vart avlyst på grunn av koronasituasjonen. Mykje av innhaldet som skulle ha vore presentert på konferansen finn du her som podcast-episoder.

Rundt 50 foredragshaldarar skulle stått på scena på Oslo kongressenter i mars, og sjølv om ein "online konferanse" ikkje kan erstatta ein fysisk møteplass, så meiner vi i NSM at dette innhaldet må gjerast tilgjengeleg på andre måtar.

Fagdirektør Roar Thon har snakka med fleire av dei som skulle halde innlegg på konferansen, om tema som Grunnleggjande nasjonale funksjonar, grunnprinsipper innanfor fleire fagområde, trygging i innkjøp og hendingshandtering.

Alle podcastepisodene finn du på vår podcastside

Les meir om følgjande emne: