Ny versjon av WannaCry endrar ikkje skadevara
– NSM jobbar vidare med sin skanningtjeneste Allvis NOR, og har hittil observert gode resultat. Vi har gjort funn i berre i éin av hundre tusen IP-adresser så langt, seier kommunikasjonsdirektør Mona Strøm Arnøy.
Skadevara WannaCry utnytta ei opning i brannmuren som gjorde det mogleg å senda filer mellom datamaskiner. Denne opninga inneber liten risiko så lenge programvara er oppdatert.
– NSMs ønske er å nå alle offentlege verksemder og eigarar av kritisk infrastruktur, og oppfordrar verksemder til å ta kontakt for å få gjennomført skanning av systema sine, seier Arnøy.
Oppdatert kontaktinformasjon for å få gjennomført skanningen vert tilbode offentlege verksemder og eigarar av kritisk infrastruktur, og er til kvar og ei tid tilgjengeleg på NSMs nettsider.