av Trond Øvstedal

RSA Conference 2016 samlar nærare 50 000 deltakarar frå heile verda. Åpningsdagen gjekk parallellt med at Apple er på høyring i Kongressen om opning av bakdøra til innhaldet på mobiltelefonen som vart brukt under terrorangrepet i San Bernardino. Ingen treng å tvile på at store delar av USAs datatryggleiksindustri støtter Apple i kampen mot amerikanske styresmakter. Leiaren til konferansen Amit Yoran sa i opningsforedraget sitt at det vert bortimot umogleg å forsvare ein politikk som veikjer infrastrukturen vår. ­- Å lage svakare kryptering er ei dårleg løysing òg for politiet. For terroristar vil ikkje bruke så svake løysingar som styresmakter i neste omgang kan knekke. Lagar ein derimot ein bakdør, som er løysinga Apple no prøver å stå i mot, så vil òg terroristar kunne bruke ho, sa Yoran. Og han fekk støtte frå eit stort fleirtal av opningsinnlegga på RSA Conference 2016 .

Breiside frå Microsoft

Den mest solide breisida serverte likevel Brad Smith, President og Chief Legal Officer i Microsoft, som slo fast at vegen til helvete er via bakdøra. Han la vekt på at rolla til teknologien har endra seg betydeleg berre dei siste få åra. - Den verkelege verda tek no utgangspunkt i kva som skjer på internett. Klarer vi ikkje å halde folk trygge på nettet klarer vi ikkje å halde dei trygge ute i den verkelege verda, var det friske utsegnet frå han. Smith la samstundes vekt på at Microsoft tok ansvaret sitt om å samarbeide med politiet på alvor. I følgje Smith hadde Microsoft like etter terrorangrepa i Paris lydd 14 begjæringer fra retten om innsyn som ledd i jakta på dei ansvarlege. Alle var imøtekome på under 30 minutt etter at Microsoft hadde fått dei. Men det amerikanske styresmakter prøver å tvinge Apple til å gjere vil opne for høve ingen er tent med, sa Smith.

Sats på unge problemløsere

For 10 år sidan registrerte antivirusselskapet McAfee 25 nye truslar kvar dag. No vert det registrert 500 000 truslar dagleg. Smak på talet! Fleire av opningsinnlegga fokuserte på korleis ein best kunne møte utfordringane truslane brakte med seg. Og felles for dei alle var at teknologi i seg sjølv ikkje gav nokon løysing. Nei, snarare dominerte trua på kreativ problemløysing i fri utfolde. Og ikkje utan grunn. Vi er jo trass alt i California. Her er trua sterk på at ein skal leggje til rette for å dyrke fram unge talentar. Ved å leggje vekt på ein kreativ kultur for læring vil ein sikre fridom for individet. Ved å vektleggje ein kreativ læringskultur vil ein skape dei folka dataindustrien i framtida treng for å skape tryggleik på nett. Dette kan berre kome i stand viss ein satsar på datakompetanse i ordinær utdanning, på vanlege skular. Barn må lære seg å programmere tidleg. Berre med full satsing på auka kompetanse om koding i skulen vil ein klare å vinne kappløpet for ein rimeleg datasikker kvardag i framtida. For per i dag er det ein stor mangel på folk med tilstrekkeleg datakompetanse, og det hastar å gjere noko med det. Det vart antydd at per 2017 vil vere behov for rundt 200.000 personar med ulik kompetanse innanfor cybertryggleik berre i USA. I 2020 vart det antydd at det i heile verda vil vere bruk for opp mot 20 millionar personar med slik kompetanse. Dette  er ei betydeleg utfordring som styresmakter, akademia og industrien må gå saman om å løyse.

Dataspel er god læring

Automatisering vil hjelpe oss, men det viktigaste vi som samfunn kan gjere er å skape høve slik at dei mange unge talenta får vakse, sa Amit Yoran i RSA. Christopher Young, som er nestkommanderande i Intel la i innlegget sitt vekt på at vaksne menneske må akseptere at barn og unge lærer best gjennom å gjere det dei synes er gøy. Nemleg å spele. - La dei lære gjennom spel. På den måten dyrkar vi fram dei beste talentane.