Dei tre hemmelege tenestene vart granska inngåande på 1990-talet, blant anna av Lund-kommisjonen. Resultata av kommisjonsarbeidet viste at det var naudsynt å tydeleggjere mandatet for tryggingsarbeidet. Ein ny tryggingslov vart derfor vedteke i 1998. Tidlegare hadde også Skauge-kommisjonen, som utarbeidde eit forslag om parlamentarisk kontroll med alle tre tenester, også foreslått å lovfeste tenestene.  

Hovudområda i loven var informasjonstrygging og objekttrygging. Formålet var å imøtegå både spionasje, sabotasje og terrorhandlingar.

Tryggingslova var ei fullmaktslov og det var nødvendig med ei rekkje supplerande forskrifter. For handsaming av tryggingsgradert informasjon innebar den nye lova i hovudsak lovfesting av eksisterande instruksar, direktiv og retningslinjer. Her fanst det eit omfattande underlag å bygge på ved utarbeidinga. Det var ikkje tilfelle for objekttryggingsområdet. Ei interdepartemental arbeidsgruppe vart derfor nedsett i år 2000 for å utvikle forskrifter om objekttrygging. Dei hadde ennå ikkje sluttført arbeidet, da lova tråtte i kraft i 2001. Tltak for objekttrrygging vart i praksis først innført ved ei endring i tryggingslova i 2011.