Eiga metode for cyberhendingar
NSM utformar ein metode for operativ handtering av cyberhendingar. Døgnkontinuerleg bemanning for handtering av cyberhendingar på nasjonalt nivå vert etablert.
Erfaringar frå øvingar og handtering av faktiske hendingar var årsak til at NSM utforma ei metode for korleis cyberhendingar skulle handterast i – og mellom – verksemder, sektorar, og på nasjonalt nivå.
Metoda vart vidareutvikla etter den nasjonale øvinga kalla IKT016, og i 2017 samla til eit meir omfattande nasjonalt rammeverk til bruk i alle samfunnssektorar. Metoda og seinare rammeverket skulle verke saman med FDs «cyberretningslinjer» som var gjort gjeldande for forsvarssektoren i 2014 for å lette samhandlinga ved større hendingar. NSM etablerte døgnkontinuerleg bemanning for handtering av cyberhendingar.
I 2014 oppretta NSM også eit eiga kurssenter. Opplæring og kursverksemd har i alle år vore lagt betydeleg vekt, men inntil da hadde tryggingskursa vore gjennomført ved andre kurssenter, som til dømes hos Forsvaret og Direktoratet for samfunnstrygging.