Etterretningstenesta, Politiets tryggingsteneste og Nasjonal tryggingsorgan har i alle år samarbeidd tett om IKT- og cyberutfordringar – og løysingar. Før FCKS vart etablert, vart samarbeidet organisert som ei cyberkoordingeringsgruppe. Kripos kom etter kvart til som ein viktig samarbeidspartnar, gitt deira oppgåve med å etterforske lovbrot på datafeltet. Felles cyberkoordineringssenter ligg under NSM administrativt, men partane deltek i samarbeidet på eige rettsgrunnlag. 

2017 er også året da NSMs grunnprinsipp for IKT-trygging vart gitt ut for første gong. Prinsippa er ei omfattande rettleiing i digital trygging. Dei er sidan vorte revidert. Tilsvarande prinsipp for personelltrygging, fysisk trygging og styring av tryggingsarbeidet er også vorte publisert. Tanken bak desse grunnprinsippa er einskilde verksemder og forvaltarar av regelverk skal kunne nyttiggjere seg felles standardar i utvikling av tryggingsarbeidet.