Etterretnings- og tryggingsfunksjonane i Noreg var lite utbygde i mellomkrigstida. I 1942 vart  Forsvarets overkommando ll (FO II) etablert i London. Det styrka den militære tryggingstenesta betydeleg. Her fekk også chiffertenesta, som er opphavet til notidas kryptofunksjonar i NSM, plass. 

FO II tok i 1944 over dei tryggingsfunksjonane som til då hadde lagt under Etterretningskontoret til Forsvarsdepartementet. Tryggingsarbeidet omfatta også såkalla kontrainfiltrasjon og trygging av dokumentar.

Då freden kom, vart FO ll overført til Oslo, om enn med færre folk. Oppgåvene vart retta inn mot mellom anna ei omfattande tryggingsgransking av det norske befalet under felttoget i 1940 og deira seinare haldning til NS-styret. Personell frå Heimefrontens tryggingsteneste gjekk inn i arbeidet.