Nato-inspeksjonar i åra etter danninga av alliansen viste at tryggingsnivået var lågt. Regjeringa i Noreg innførte derfor ei felles tryggingsinstruks for militær sektor og dei mest sentrale departementsområda i totalforsvaret. Instruksen skulle trygge gradert informasjon på tvers av sentrale sektorar i forvaltninga. 

Det vart oppretta ei stilling som tryggingsinspektør, som fekk ansvar for rådgjeving og tilsyn med innføringa av instruksen på sivil side. Oppgåva vart etter ei nærare vurdering plassert i tryggingsmiljøet i Forsvarsstaben og med ein erfaren tryggingsoffiser i stillinga. Forsvaret vart vurdert som mest kompetent på fagfeltet. Ein eigen styringsmodell for tryggingsinspektøren vart etablert gjennom eit samansett utval med tett knyting til politisk nivå. Konstruksjonen var starten på det vi i dag kjenner som Nasjonal tryggingsorgan (NSM). Instruksen mante til moderasjon. Den måtte ikkje brukast i utrengsmål. 

Instruksen gjaldt ei rekke departement, blant anna Statsministerens kontor (SMK), Forsvarsdepartementet, Utanriksdepartementet, Justisdepartementet, Handelsdepartementet, Finansdepartementet, Industridepartementet og Samferdselsdepartementet og dessutan underlagte etatar.