1970
Tryggingsstaben styrkast innan ramma av Forsvarets overkommando
Tryggingsavdelingane i forsvarsgreinene vart flytta til tryggingsstaben då Forsvarets overkommando vart etablert ved Huseby leiren i Oslo.
Dei ulike forsvarsgreinsjefane hadde gjennom etterkrigstida hatt eigne tryggingsavdelingar. Då øvste leiinga i Forsvaret mot slutten av 60-tallet vart omorganisert, var desse sjefane generalinspektørar. Med det vart tryggingsansvaret endra. Ressursane vart lagt til den sentrale tryggingsstaben i Forsvarets overkommando. Det styrkte arbeidet monaleg.